torsdag 4. desember 2014

Pangstart på desember

Vi starta desember med eit "smell" . 
Sjukdom i hus, lite søvn, ein mann som jobba nattevakt, julepynting, 
vasking, besøk av lokalavisa og 2 bursdagselskap. Det seier seg sjølv at det har vore ei 
travel veke ;) Men det enda bra og alle vart fornøgde! Bildene er frå Ariel sitt barnebursdag-selskap. Den lille jenta mi er plutseleg blitt 5 år stor :)
Ariel kan ikkje få nok av My Little Pony for tida, 
så då måtte det sjølvsagt bli tema på kaka. Den vart veldig enkel,
 sjokoladekake med marsipanhjerte. Også sette eg to 
ponnier på, som også var ei gave. 
Det vart suksess :)
Pyntinga vart enkel den og, 
men det er igrunn slik eg liker det. Fine farger og enkel dekor :)
 No gleder eg meg til å fortsette desember
 med litt lavare skuldre ;)
Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

3 kommentarer:

Signes sammensurium sa...

Lekkert som alltid!
Ha en fin adventstid.
Klem fra Signe.

angie sa...

soooo süß!!! ich liebe den grünen stuhl und die torte!!! liebe grüße von angie

Reserl sa...

...very nice table, the cake sooooo sweet.
Greetings and hugs from Reserl

Related Posts with Thumbnails